Henrik Helliesen Langeland () er ein norsk litteraturvitar og forfattar fødd i Oslo.

Langeland debuterte i 2000 med romanen Requiem. Romanen Wonderboy frå 2003 vekte mykje merksemd. Romanen skildrar tilhøvet mellom IKT- bransjen og forlagsbransjen kring tusenårsskiftet. Ein ambisiøs forretningsmann ynskjer å sameina det beste frå den gamle økonomien og den nye økonomien. Den nye økonomien var mellom anna rekna å vera IKT- føretak der aksjekursen såg ut til å stiga i all æve.

Langeland har sjølv vore management trainee, ei leiaropplæring, i mediekonsernet Schibsted ASA. Langeland er utdanna innan litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Frå 2005 og ut 2007 var han redaktør i det litterære tidsskriftet Vinduet. Tidsskriftet vert utgjeve av Gyldendal Norsk Forlag.

Verkliste Requiem (2000; roman. Gyldendal Norsk Forlag) Marcel Proust (2001; sakprosa, Gyldendal Norsk Forlag) Wonderboy (2003; roman, Gyldendal Norsk Forlag) Av sporet er du kommet (2006; avhandling, Gyldendal Norsk Forlag) Francis Meyers lidenskap (2007; roman, Tiden Norsk Forlag) Verdensmestrene (2010) Fortellerkunst (2011) Hauk og due (2012) Fyrsten (2013; roman) Eventyrerne (2018) Showtime! (2020)

Bakgrunnsstoff http://www.henriklangeland.com Nettstaden til tidsskriftet Vinduet

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Oslo