Tower of London eller berre Tower er ei borg i London, på den nordlege breidda av Themsen. Tower står på UNESCO si verdsarvliste. Bygginga av den eldste delen, White Tower, starta under Vilhelm erobraren. Denne er bevart, men den store festninga som møter dagens turistar er eit resultat av utvidingar gjennom hundreåra.
Slottet blei bygt utanfor City of London, og var tidlegare kjernen i området Liberties of the Tower of London. Hovudfunksjonen var å vere eit forskansa palass for monarken. Etter kvart blei Tower ikkje minst kjend som fengsel og rettarstad, spesielt for fangar av høg status. Tower har hatt mange andre funksjonar, og er framleis staden der dei britiske kronjuvelane vert oppbevarte og viste fram.
mini|Utsikt over Tower of London frå The Gherkin. mini|Modell av Tower of London. Historie
Tower blei grunnlagt av Vilhelm Erobraren etter sigeren hans i 1066, truleg med byggjestart i 1078. Det å byggje festningar var eit sentralt element i normannarane si krigføring. Angelsaksarane hadde mange små festningar i tre, men desse var svake og ein hadde ikkje utarbeidd gode metodar for å forsvare dei. Normannarane var derimot svært opptekne av å sikre område ved å byggje festningar som dei kunne føle seg trygge i dersom angelsaksarane gjorde opprør.
I byrjinga var Tower eit mindre fort av tre. Vilhelm gav etter kvart ordre om at fortet av tre skulle rivast og erstattast av noko meir solid. Det skulle, som han uttrykte det, vere eit symbol på makta hans, ei festning som forsvar og eit fengsel for fiendane hans.Fisher 1987 White Tower stod klart omkring 20 år seinare. I det neste hundreåret bestod Tower of London berre av denne eine bygningen med ein liten borggard og ein enkel ringmur.
Første utviding
mini|Vollgrava. Den første utvidinga blei byrja rundt 1190 av rikskanslaren William Longchamp mens Rikard I var på krosstog. Borggarden rundt White Tower blei dobbelt så stor, og det kom opp ein ny ringmur med tårn omkransa av ei ny vollgrav. Denne blei fullført i 1199 av Rikard sin bror og etterfølgjer, Johan.
Under Henrik III (1216–1272) blei det først sett fokus på slottet si rolle som kongeleg palass. Mellom White Tower og elva blei det reist nye kongelege husvære. Kongen oppretta òg eit menasjeri til underhaldning innanfor murane. Etter at denne utvidinga var ferdig, kom Henrik i strid med baronane sine, og følte behov for ei ny og kraftig utviding. Igjen blei arealet fordobla, denne gongen til alle tre sider på land slik at White Tower blei ståande i midten. Det kom òg opp ein ny ringmur og vollgrav.
Slottet vert fullført
Under Edvard I (1272–1307) fekk Tower omtrent den storleiken det har i dag. Mellom 1275 og 1285 brukte kongen meir enn dobbelt så mykje ressursar på Tower som det faren hans hadde gjort i heile den lange regjeringstida si. Det blei bygd enda ei ny vollgrav og reist ein ny ringmur, som òg gjekk langs elva. I muren mot Themsen blei det laga nye kongelege husvære. Den nye hovudporten mot land blei kraftig forskansa.
Festninga erobra
Under bondeopprøret i 1381 blei Tower erobra av opprørarane, og Simon Sudbury, erkebiskop av Canterbury og rikskansler, blei myrda. Dette var ikkje fordi forsvarsverka var svake, men fordi garnisonen ikkje forsvarte slottet. Då slottet blei erobra, hadde kong Rikard II forlate det for å forhandle med opprørarane, og då ei stor folkemengd kom til Tower, frykta soldatane at dei ville setje kongen sitt liv i fare dersom dei gjorde motstand.
Tower blei igjen teke i 1460, under Rosekrigane. Det blei då bombardert og kringsett, og garnisonen valde å kapitulere med gode vilkår framfor å kjempe ein kamp dei ikkje kunne vinne.
Fleire funksjonar
mini|venstre|Tower of London i 1597 Etter at Edvard I hadde utvida Tower blei fleire viktige institusjonar lagde dit: Det største kongelege skattkammeret og det største myntslageriet, riket sitt hovudarsenal og eit lager for offentlege dokument. Bryggjene blei utvida langs heile elvebreidda for å gjere det lettare å transportere ting inn og ut av Tower. Det var òg i denne perioden at Tower først blei teke i bruk som fengsel (sjå nedanfor), noko som skulle bli ein svært viktig funksjon i tudortida og elisabethansk tid.
Ny karakter
mini|I løpet av 1700-talet blei Tower ein turistattraksjon; her våpenutstillinga på byrjinga av 1800-talet. Ved restaurasjonen i 1660 byrja ein ny fase i historia til Tower. Under Karl II blei det utført store forandringar. Far hans, Karl I hadde tapt kontroll over London under den engelske borgarkrigen, og Karl II ynskte å forhindre at dette skjedde igjen. Slottet blei kraftig opprusta med artilleri og arsenalet blei utvida.
Samtidig begynte ein å opne slottet for gjester. Kronregalia blei utstilt, og det blei oppretta ei utstilling av historiske våpen. Tower blei samtidig framleis brukt som fengsel, men i langt mindre grad enn under Tudormonarkene. Det var no først og fremst under større nasjonale kriser, som jakobittopprørarane i 1715 og 1745, og den franske revolusjonen, at ein plasserte fangar der. Royal Mint og dokumentlageret var framleis i Tower.
Det militære preget blei igjen styrkt i 1826, då hertugen av Wellington blei konstabel av Tower of London. Han trudde, som mange andre, at ein revolusjon når som helst kunne bryte ut i England, og meinte at sikring av Tower var sentralt. Royal Mint hadde då allereie flytta ut; Wellington fekk òg lagt ned menasjeriet og flytta dokumentlageret. Då Grand Storehouse, den største arsenalbygningen, blei øydelagd av brann i 1841 fekk han bygd ein ny stor arsenal- og brakkebygning. Wellington meinte òg at publikum ikkje måtte ha tilgjenge til Tower, men dette fekk han ikkje gehør for.
Turistattraksjon
Då Wellington døydde i 1852 frykta ein ikkje lenger ein revolusjon. Tower hadde lenge vore ein turistattraksjon, men når ein ikkje lenger hadde noko militært behov for Tower, kunne dette vidareutviklast. Prins Albert, gemalen til dronning Victoria, oppfordra til at Tower skulle gjerast om til eit nasjonalt monument, og fekk støtte for dette. Arsenalbygningane blei gradvis rivne, og mellomalderstrukturane blei restaurerte eller bygde opp på nytt. Ved slutten av Victoria si regjeringstid i 1901 hadde Tower ein halv million gjester kvart år, eit enormt tal på ei tid der masseturismen enno ikkje hadde gjort inntog. På slutten av 1990-åra hadde mengda gjester auka til over to millionar årleg, der tre fjerdedelar var utlendingar.
Verdskrigane
Under første verdskrigen var Tower ope for publikum, men luftangrep førte til at ein nokre gonger måtte stengje. Den tyske keisaren hadde ved byrjinga av krigen gjeve klar ordre om at historiske monument og kongelege slott i London ikkje skulle vere bombemål, men siktemetodane var lite presise, og Tower ligg nær London sine økonomiske senter og nær eit industriområde på sørsida av Themsen. Den 13. juni 1917 fall ei bombe i vollgrava ved Legge's Mount; ho eksploderte ikkje, og dei einaste skadde var to duer. Under seinare bomberaid fekk Tower nokre skadar. Skaden på Bowyer Tower kom ikkje av ei tysk bombe, men av ein luftverngranat skote frå Tower Bridge; granaten eksploderte ikkje som han skulle og fall ned på tårnet. Kanonene blei kommandert av Charles Foulkes, kuratoren for Tower Armouries, og stillinga blei kjend då ho 19. mai 1918 skaut ned eit bombefly, det einaste som blei skote ned over London under første verdskrigen.
Tower blei òg brukt som fengsel igjen under første verdskrig. Elleve tyske spionar blei avretta ved skyting der mellom november 1914 og april 1916. Nokre av dei blei skotne i vollgrava, andre på den vesle skytebana. Den mest kjende fangen i denne perioden var sir Roger Casement, ein irsk nasjonalist som blei funnen skuldig i landssvik. Etter nokre dagar i Tower blei han avretta i Pentonville fengsel den 3. august 1916.
Under andre verdskrigen blei Tower eit samlingssenter for krigsfangar. Kring 180 fangar var innom Tower på veg til krigsfangeleirar i Nord-England, dei fleste av dei frå Luftwaffe eller frå ubåtar. To av fangane var spesielle: Den tyske generalkonsulen til Island, dr. Gerlach, sat der i tre og ein halv månad i 1940, og Rudolf Hess sat i Queen's House i fire dagar i april 1941. Rolla som fengsel blei avslutta med avrettinga av spionen Josef Jakobs på skytebana den 14. august 1941.
Bombing gjorde omfattande skadar på Tower, spesielt frå september til november 1941. Kring femten høgeksplosive bomber og ei stor mengd brannbomber trefte Tower. Fleire bygningar blei heilt øydelagde, blant anna North Bastion og Master of Assay Office. Under denne krigen blei Tower stengd for publikum frå starten av, og opna ikkje før 1. januar 1946.
Etter andre verdskrig
I etterkrigstida har det blitt utført mykje restaurering og renovasjon i Tower. Det mest synlege for turistane er at fleire hundreårs sot har blitt skrapa av murane. Det blei òg fjerna nokre mellombelse installasjonar frå krigen; den siste bunkeren blei riven i 1959.
17. juli 1974 blei Morterrommet i White Tower ramma av ein bombeeksplosjon. Éin person blei drepen, og 41 skadd. Ingen tok på seg ansvaret for bomba, men politiet meinte at det var Det provisoriske IRA som stod bakBBC: On this day 17 July 1974, henta 2007-07-20
Det er ikkje lenger nokon kongeleg leilegheit i Tower of London, men det er framleis eit kongeleg palass. Difor er det alltid to gardistar frå Dronningens garde på vakt medan Tower er ope for publikum, éin utanfor Jewel House og éin ved Queen's House.
Fengsel og rettarstad
Fangar i Tower
Tower blei brukt som fengsel for personar av høg rang, og for religiøse dissidentar. Fangar av høg rang, som i enkelte tilfelle til og med var av kongeleg byrd, blei gjerne plassert i nokså komfortable forhold, mens religiøse fangar hadde meir kummerlege forhold.
Den første fangen som blei sett i Tower var Ranulf Flambard, som var biskop av Durham. I 1100 blei han funnen skuldig i utpressing. Ranulf hadde sjølv vore ansvarleg for delar av utviklinga av Tower etter at den første arkitekten, Gundulf, flytta tilbake til Rochester. Han blei òg den første som flykta frå Tower, noko han klarte å gjere ved å klatre ned muren med eit tau som blei smugla inn i cella i ei vintønne. At ingen såg noko unormalt i at ei tønne vin blei levert til ein fange seier òg noko om komfortnivået han sona under.
mini|Walter Raleigh var fengsla i Tower i tretten år, og hadde kona si og deira to barn med seg. Blant andre kjende fangar finn ein:
Gruffydd ap Llywelyn Fawr, walisisk prins, død under fluktforsøk i 1244 John Balliol, konge av Skottland David II, konge av Skottland Johan II, konge av Frankrike Henrik VI, konge av England (myrda der 21. mai 1471) Margaret av Anjou, dronninggemalinna til Henrik VI William de la Pole, fjern slektning av Henrik VIII (i Tower 1502]]–1539, og dermed den som sat der lengst) Elizabeth I, dronning av England (i Tower to månader i 1554, som prinsesse) John Gerard, jesuittprest (torturert i Tower, flykta) Walter Raleigh (i Tower 1603–1616, med kona si og to barn; forfatta The History of the World der) Niall Garbh O Domhnaill, irsk adelsmann Guy Fawkes, deltakar i krutkomplottet (torturert i Tower) Johan Anders Jägerhorn, finlandssvensk offiser knytt til den irske fridomsrørsla (i Tower 1799–1801) George Gordon, leiaren for Gordonopptøyane i 1780 Rudolf Hess, Hitler sin stråmann (siste statsfange i Tower) Kraybrørne, gangsterar (siste fangar i Tower nokre dagar i 1952)
Formelt slutta Tower å vere eit fengsel i 1820, men som lista viser, blei det i nokre heilt spesielle tilfelle brukt òg etter dette.
Tortur
Torturkammeret i Tower er berykta, men var langt sjeldnare i bruk enn mytene seier. Bruken av tortur blei tidleg innskrenka i England, og det var først og fremst fangar som hamna i Tower av religiøse grunnar som blei utsett for det. Det var faktisk ikkje noko permanent innreidd torturkammer; ein brukte kjellaren i White Tower eller torturerte fangar i cellene deira.