Luster er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen er den nest største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Den ligg kring Lustrafjorden inst i Sognefjorden.

Luster kommune består i dag av dei tidlegare herreda Luster, Hafslo og Jostedal.

Store Skagastølstind «Storen» på 2405 moh., det høgste fjellet i Vestland og det tredje høgste fjellet i Noreg, markerer kommunegrensa.

Historie Kommunen fekk utstrekkinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.

Haugerørsla i Luster

I Sogn fekk Hauge følgje av Hans Feigum og Peder Steen frå Luster. Haugerørsla var ikkje ønskt velkommen av statskyrkja, og det var motsand mot rørsla i kommunen.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for noverande Luster kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Luster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Hafslo 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Jostedal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 6660 6465 6806 6541 6119 5140 5102 5118 4954 4945

Luster prestegjeld Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overført til Jostedal prestegjeld. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.

Tettstader Gaupne – Hafslo –

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Oversikt over kommunale arkiv: Luster kommune 1837-1964 Hafslo kommune 1837-1964 Jostedal kommune 1837-1964 Luster kommune 1964-

Kategori:Sogn Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Kommunar i Vestland