Lundevatnet er ein innsjø på grensa mellom kommunane Lund i Rogaland og Flekkefjord i Agder. Innsjøen har eit areal på 27,5 km² og ligg 49 moh. Han er av dei 10 djupaste innsjøane i landet med ei største djupne på 314 meter. E39 går langs austsida av vatnet, eit stykke med ganske mange tunnelar.
Elva Sira renn inn i vatnet ved Sirnes med vatn frå Sirdalen, og vatn frå Hovsvatnet renn inn ved Moi. Vatnet renn ut igjen ved Åna-Sira, der det er ei demning og Åna-Sira kraftverk ligg. Frå der og ut i havet er det berre eit par kilometer.
Elveløpet mellom Sirdalsvatnet og Lundevatnet er i dag utgravd slik at vasstanden dei to vatna imellom skal vere tilnærma lik, og Lundevatnet er sikra reservepåfyll på ein enkel måte. Lundevatnet kan regulerast slik at vasstanden kan variere.
Kategori:Innsjøar i Agder Kategori:Innsjøar i Rogaland Kategori:Geografi i Flekkefjord Kategori:Geografi i Lund