mini|Gjuvfossen og Langvassdammen mini|Langvannet, utsyn mot sør Langvannet, òg skrive Langevatnet, er eit vatn i Ringerike kommune. Vatnet, som ligg i Brekkebygda nordvest for Sokna i Soknedalen, er eit av dei største vatna i Rudsvassdraget. Vatnet får tilførsel frå Breivannet i vest, gjennom Breivasselva, og nokre mindre bekkar og småelver.
Langs sørsida av vatnet går Bergensbanen. I enden av vatnet ligg demninga Langvassdammen, like før Rudselva styrtar ut i Gjuvfossen og renn ned mot Torevannet.
Kategori:Innsjøar i Ringerike Kategori:Soknedalen