Yamoussoukro er hovudstaden i Elfenbeinskysten. Byen har rundt 100 000 innbyggjarar og ligg 22 mil nord for Abidjan, den største byen i landet. Yamoussoukro blei hovudstad i landet i 1983, men den tidlegare hovudstaden Abidjan har halde på fleire viktige funksjonar. I byen ligg basilikaen Notre Dame de la Paix, som er det største kyrkjebygget i Afrika, av mange også rekna som det største i verda.

Historie Då Frankrike gjekk inn og koloniserte området, var N'Gokro ein landsby med om lag 500 innbyggjarar som vart styrt av dronning Yamousso. I 1909 gjorde akouê-folket, som òg budde i N'Gokro, opprør mot kolonimakta. Den franske handelsstasjonen vart sett i flammar og administratoren der, Simon Maurice, berga livet berre fordi den tidlegare kongen Kouassi N'Go, som var onkelen til Yamousso, mana til fred.

Etter kvart som situasjonen roa seg flytta administrasjonen og hæren til N'Gokro, som vart omdøypt til Yamoussoukro til ære for dronninga. Sisteleddet kro tyder ‘by’ på baoulé. Dei franske kolonistyresmaktene reister ein pyramide til ære for Kouassi N'Go. Deretter vart byen stort sett gløymd. I 1950 hadde han kring 500 innbyggjarar.Cyril K. Daddieh, Historical Dictionary of Cote d'Ivoire (The Ivory Coast), Rowman & Littlefield, USA, 2016, s. 490

Félix Houphouët-Boigny var den første presidenten i den frie Elfenbeinskysten. Han kom frå Yamoussoukro, og heldt byen fram som eit eksempel for resten av landet, mellom anna det effektive jordbruket her. Seinare skulle byen bli utnemnd til hovudstad, men ikkje før Large-Bassam, Bingerville og Abidjan først hadde vore det. I mars 1983 vart Yamoussoukro endeleg den politiske og administrative hovudstaden i landet. Det meste av den økonomiske aktiviteten skjer likevel fortsatt i Abidjan.

Kyrkjebygget Basilique de Notre Dame de la Paix blei bygd frå 1985 til 1989, og blei konsekrert av pave Johannes Paul II den 10. september 1990.

Yamoussoukro-distriktet Yamoussoukro er òg hovudby i District de Yamoussoukro, som inneheld dei mindre kommunane Attiégouakro, Yamoussoukro, Didiévi og Tié-n'diékro. 55 % av dei 300 000 innbyggjarane i distriktet bur i byar. Området har tropisk klima med fire årstider; to tørkeperiodar og to regntider.

Folkegruppa som bur i distriktet vert kalla baoulé, og er delt inn i fire stammar: Akouê, Nanafouê, N'zikpli og Ngban.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Elfenbeinskysten Kategori:Hovudstader i Afrika