Ona er eit øysamfunn i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, og har 21 fastbuande. Øya ligg i havgapet ytst på Romsdalskysten og var opphavleg eit fiskevær.

Ona består av dei to øyane Ona og Husøya. På Onakalven, det høgaste punktet på øya, står Ona fyr som vart bygd i 1867 og er 14,7 meter høgt. Fyret er eit kjent turistmål, og mange turistar vitjar øya kvart år. I seinare tid har øya òg vorte kjend for keramikkproduksjon. mini|venstre|Fiskeværet Ona med Ona fyr øvst på Onakalven I 1670 feia ei flodbølgje over øya under ein storm og tok med seg dei fleste husa der og mange menneske, men samfunnet vart med tida gradvis bygt opp att.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Aukra prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sandøy herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 110 195 56 17

Kjelder

Kategori:Øyar i Ålesund Kategori:Sandøy Kategori:Ferjestader i Møre og Romsdal Kategori:Fiskevær i Møre og Romsdal