Sandsøya er ei øy i Sande kommune i Møre og Romsdal. Den største busetnaden på øya er Sandshamn. Like aust for Sandsøya ligg Gurskøy og i sør ligg Kvamsøy. På øya går Fylkesveg 5860 mellom Skare og Helland, med ei sidegrein til ferjekaia på Voksa.

Sandsøya var tidligare delt i to krinsar, Nøre Sandsøy og Søre Sandsøy, som berre er skilde av eit smalt sund. Bru over sundet vart opna i 1939.

Det høgaste punktet på øya er Rinden på 369 meter over havet. Ein finn og fjellformasjonen Dollsteinen med helleren Dollsteinhola, som er omlag 185 meter lang.Frode Sætre: «Frå tare til topp» (2012)

På Sandsøya har det vorte satsa på reiseliv, og ein finn rundt 250 gjestesenger på øya. Det er ein matvarebutikk, som ligg i Sandshamn.

På øya står Sande kyrkje frå 1880. Der har vore kyrkje på Sandsøy sida midten av mellomalderen.Isak Våge: Sandsøya og Sande kyrkje Det finst spor av menneskeleg aktivitet på øya frå langt tilbake i tid, mellom anna er det funne ardfòrer som vitnar om åkerbruk i bronsealderen.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sande herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 179 396 315 183

Kjelder

Kategori:Øyar i Sande i Møre og Romsdal