Borgundøya er ei øy i Kvinnherad kommune i Vestland. Ho har eit areal på 11,4 km² og det høgaste punktet er Borgundnuten på 462 meter over havet.
Øya ligg like sør for Fjelbergøy og sørvest for Halsnøy. I nord ligg Klosterfjorden og i sør Bjoafjorden, medan Skånevikfjorden held fram austover frå austsida. Alle desse fjordane er fjordarmar av Hardangerfjorden.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Fjelberg prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fjelberg herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 200 277 106 53
Kategori:Øyar i Kvinnherad