Nils Fredriksen Bakke () var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet.

Biografi Nils Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag i 1887. Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. I sine seinare år budde Nils i Kristiansund. Nils Bakke døydde i 1969.

Kjelder

Anne Gunnhild Minken: artikkel om Romanifolk, skriven for Store Norske Leksikon. Fødsels- og dødsår for Bakke er nemnt.

Kategori:Romanifolk Kategori:Folkemusikk på Nordmøre Kategori:Norske felespelarar Kategori:Folk frå Kristiansund Kategori:Folk frå Oppdal