Flakstadøya er den tredje ytste øya i Lofoten og ligg i Flakstad kommune. Øya har eit areal på 110 km² og det høgaste punktet er Stjerntinden på 931 moh. Flakstadøya har samband til Vestvågøy gjennom den 1728 meter lange Nappstraumtunnelen og til Moskenes via Kåkern bru som vart bygd i 2003. Brua erstatta ei eldre hengebru med eitt felt som no er riven.
Administrasjonsstaden i Flakstad kommune heiter Ramberg som har fleire butikkar og to utestader: Ramberg Gjestegård og Friisgården. Ramberg har ei av dei flottaste sandstrendene i Lofoten og er tilgjengeleg frå E10 som går gjennom staden. På Flakstad finn ein Flakstad kirke, bygd i 1780.
Andre bygder i Flakstad: Fredvang Nusfjord Sund Vikten Napp
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flakstadøy» frå , den 7. april 2008.
Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Lofoten Kategori:Geografi i Flakstad