Serine Regine Normann () var ein norsk forfattar frå Bø i Vesterålen. Ho var den første kjende kvinnelege forfattaren frå Nord-Noreg. Forfattarskapen hennar omfattar 18 bøker – både sosialrealistiske og historiske romanar, korte forteljingar og ei barnebok, nordlandssegner og kunsteventyr. Ho er mest kjend for eventyrsamlinga si frå 1926-27 som sidan vart utgjeven under namnet Ringelihorn.

Normann var styremedlem i Den norske Forfatterforening frå 1913 til 1932 og var god ven med forfattarane Sigrid Undset, Nini Roll Anker og Barbra Ring. Saman med sin andre ektemann, forfattaren Tryggve Andersen, var ho kjend i kunstnarkretsar for litterære selskap i Stensgaten i Kristiania (Oslo).

Liv Barndom Regine vart fødd på garden Mårsund i Bø i Vesterålen. Foreldra var Tina Amalia Lockert og skolelærar Mikkel Normann.Nordland fylke, Bø, Klokkarbok nr. 891C02 (1856-1870), Fødde og døypte 1867-1868, side 150. Fire år gammal vart ho farlaus,Nordland fylke, Bø, Ministerialbok nr. 891A06 (1870-1878), Døde og gravlagde 1872, side 189. og mora vart sittande att med fem barn under 8 år.

Som 5-åring kom Regine i huset til velståande slektningar i Breivika utenfor Harstad. Der gjekk ho tre år i skolen før ho flytta attende til Mårsund og morbroren Nikolai Lockert. Då Regine vart konfirmert i Bø kyrkje, syner innførselen i kyrkjeboka at ho fekk «Udmerket godt» i karakter.Nordland fylke, Bø, Ministerialbok nr. 891A07 (1878-1895), Konfirmerte 1882, side 185. Like etter konfirmasjonen arbeidde ho som barnepassar hos presten Uchermann i Bø. Samanblanding av Regine Normann sitt liv og dikting har gjeve opphav til myter om livet hennar.Ragnhild Engelskjøn Om Liv Helene Willumsens biografi Havmannens datter. Tradisjonelt har barndommen hennar vore framstilt som prega av fattigdom og trongsyn.

Giftarmål og oppbrot Sytten og eit halvt år gammal vart ho gift med den 21 år eldre kyrkjesongaren Peter Martinus Johnsen.Nordland fylke, Bø, Ministerialbok nr. 891A07 (1878-1895), Vigde 1885, side 287. Ho byrja å skriva mot mannen sin vilje, og skjulte manuskriptet sitt i ei hole i fjellet. I dag er denne hola i Eidet kjend som Sinahula etter henne, og er blitt ein viktig kulturminnestad i Vesterålen.

mini|Regine Normann fortel eventyr for «sine gutter». Albumtittel: «Sofienberg skole femti år - første september 1933».

Ho fann arbeid som vikarlærar ved skular i Malnes i Vesterålen. I 1894 drog ho til Kristiania for første gong for å ta lærarutdanning, denne gongen med samtykke frå ektemannens samtykke. 27 år gammal braut ho opp frå mannen og Vesterålen og reiste til Kristiania for å ta lærarprøve ved Olaf Bergs høiere lærerindeskole i 1897. Ho vart innsett som lærarinne ved Kristiania folkeskule i 1901. Nå byrja ho eit nytt liv som lærar. Fram til ho gjekk av med pensjon i 1932 hadde ho ein fulltidsjobb som lærar ved Sofienberg skole, der ho var kjend som eventyrforteljar. Regine Normann sa sjølv at ho hadde to livsverk - forfattar og lærar.

Litterært liv I 1905 debuterte ho som forfattaren Regine Normann med boka Krabvaag, ei skildring frå eit fiskevær. Manuskriptet, som var skrive i skjul, fekk støtte frå Henrik Ibsen. Honoraret for utgjevinga gjorde at ho kunne betala for eit skilsmålet frå mannen.

I 1906 vart ho gift på nytt, no med diktaren Tryggve Andersen. Ekteparet var på kvar sine måtar markerte personar, og saman tok dei initiativ til ein «litterær torsdagssalong» der dei samla store delar av det litterære hovudstadsmiljøet i heimen sin. Etter kvart gleid ektefellane frå kvarandre. Mannen, som er framstilt som tidvis aggressiv og med stort alkoholforbruk, pleide omgang med ei ny kvinne, som venta barn då Regine og mannen vart skilde i 1913. Regine sjølv fekk aldri barn.

Same året som ho vart skild på nytt var ho blitt styremedlem i Den norske forfatterforening. Her var ho styremedlem under forskjellige formenn, heilt fram til 1932. Sommaren 1939 braut ho opp frå Oslo og flytta nordover, nærare slektningane sine. Kort etter vart ho sjuk, og utpå hausten vart ho innlagd på Harstad sjukehus. 12. august 1939 reiste ho attende til farsgarden og døydde der to dagar etter, 72 år gammal.

Forfattarskap Den viktigaste delen av forfattarskapen hennar er den som er knytt til Nordland. Både boka Bortsat som handlar om eit foreldrelaust barn som vert sett bort til ei streng, «kristeleg» oppseding, og ekteskapsskildringa Stængt handlar om fattigdom, innestengde tilhøve og sinns naud og pine. Bøkene er skrivne i ein knapp, realistisk stil. Etter desse bøkene følgde to varme, men mindre originale bøker vigde lærargjerninga hennar; Barnets Tjenere og Faafengt. Sidan skreiv ho to nye bøker frå Nordland: Dengang -, som handlar om ein prest som vert forelska i ei einsleg mor, og deira kamp for kjærleiken, og framhaldet Eiler Hundevart.

Desse bøkene, som på 1930-talet vart karakteriserte som høgdepunktet i forfattarskapen hennar, er ikkje mykje lesne i vår tid. Derimot kom eventyrsamlingane frå 1925 og 1926 ut i ei ny utgåve i 1967, illustrert av Kaare Espolin Johnson, under namnet Ringelihorn. Denne boka har sidan komme i nye opplag. Originalutgåvene av eventyrsamlingane er også gjevne ut i faksimileutgåver. Eventyrtekstene ber preg av å vere innsamla eventyr og folkeminne, meir eller mindre omarbeidd av diktaren Regine Normann. Dei er merkte av at ho som lærar, etter eit langt liv i folkeskolen, hadde ein fin nase for kva ungar liker å høyre og korleis stoffet bør vere presentert om det skal nå fram.

Stiftelsen Regine Normann gav i 2008 ut romanen Stængt på nytt.http://www.ringelihorn.no/default.asp?cmd=410&ProgID=26

Bibliografi 1905: Krabvaag 1906: Bortsat 1908: Stængt 1910: Barnets tjenere 1911: Faafængt 1912: Dengang 1913: Eiler Hundevart 1915: Riket som kommer 1916: Den graa kat og den sorte. Fortælling for gutter og piker 1916: Til guttene mine ute i den vide, vide verden 1917: Berit Ursin 1921: Havørnens nabo 1922: Min hvite gut og andre fortællinger 1925: Eventyr (Faksimileutgåve 1994: ISBN 82-90412-45-2) 1926: Nye eventyr (Faksimileutgåve 1994: ISBN 82-90412-52-3) 1927: Nordlandsnatt 1930: Det gråner mot høst. Nordlandssagn 1934: Usynlig selskap 1967: Ringelihorn og andre eventyr Ny utgåve av Eventyr og Nye eventyr, illustrert av Kaare Espolin Johnson

Kjelder Kristian Elster llustrert norsk litteraturhistorie b. 6, Gyldendal Norsk Forlag 1934 Stein Arve Myrbakk i forord til Eventyr (faksimileutgåve 1994), ISBN 82-90412-45-2

Referansar

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Normann på NBdigital

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Bø i Nordland Kategori:Nyromantiske forfattarar