Studentradioen i Bergen (SriB) er ein studentdriven, reklamefri nærradiostasjon i Bergen. Han er den eldste nærradioen i byen, og har halde på sidan 1982. Tidlegare år, frå midten av 1960-talet, hadde studentar i Bergen hatt sendingar i høve studentervekene.

SriB er ein del av Studentradioane i Noreg (SiN) og har rundt 180 frivillige medarbeidarar. I tillegg løner dei éin fulltidstilsett og to deltidstilsette; henhaldsvis ansvarleg redaktør, dagleg leiar og teknisk sjef, som tilsetjast av styret. Kanalen er ikkje-kommersiell, og mottek støtte frå Velferdstinget Vest. Radioprogramma er sortert under sju redaksjonar; underhaldning, nyhende og samfunn, kultur, musikk og humor og underhaldning, aktualitet og nettredaksjonen, i tilleg til ei teknisk avdeling på tvers av heile organisasjonen.

Frå 2009 til 2017 var lokalradioen hovudkonsesjonær for lokalradiofrekvensane på FM i bergensområdet, og fylte sendetida saman med ei rekke andre lokalradioar. Sidan september 2017 er Studentradioen i Bergen ein 24-timarsradio utan underkonsesjonærar. Frå 5. februar 2019 vart radiokanalen også tilgjengeleg på DAB i Hordaland. Han er framleis tilgjengeleg på nett og på FM.

Kjende personar som har vore medlem av SRIB inkluderer blant anna Karl Ove Knausgård, Tore Renberg, Arill Riise, Christian Mikkelsen. og Desta Marie Beeder

Kjelder

Bakgrunnsstoff www.srib.no

Kategori:Norske radiokanalar Kategori:Norske studentlag Kategori:Kultur i Bergen Kategori:Skipingar i 1982