Valfjorden er ein fjord på vestsida av Rolvsøya i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km austover til Valfjordbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Skarvodden i nord og Rossvikskjeret i sør. Det er berre busetnader inst i fjorden rundt Valfjordbotn. Her ligg mellom anna Sørkjosen på sørsida. Valfjorden er 46 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

Fv151 går langs nordsida av Valfjordbotn.

Kategori:Fjordar i Måsøy