Sessøyfjorden er ein fjord på Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km sørover til Ersfjorden som går vidare austover. Fjorden ligg på austsida av Sessøya, som han er kalla opp etter.
Fjorden har innløp mellom Oterneset i vest og Madsengodden i aust. Bygda Rekvik ligg ved fjorden på austsida, medan grenda Sessøy ligg tvers over fjorden på andre sida. Sørvest for Sessøya ligg Håjafjorden. Nordaust for Madsengodden går Vengsøyfjorden austover.
Kategori:Fjordar i Tromsø