Helios (gresk Ήλιος (hēlios), 'sol') er solguden i gresk mytologi. Kvar dag køyrer han over himmelen i ei gyllen vogn trekt av fire hestar, medan han sigler i ein båt over verdselva Okeanos om natta for å koma tilbake til utgangspunktet sitt i aust om morgonen. Helios blei særleg tilbeden på Ródos, der han hadde si eiga høgtid. Han blei avbilda i Kolossen ved hamna til Ródos, eit av dei sju underverka.

Familie Helios var son av titanane Hyperion, som var gud for lys, og Theia.Hesiod, Theogony 371Pseudo-Apollodorus, Library 1.2.2Scholia on Pindar, Isthmian Odes 5.2 Mor hans blir også oppgjeven som Euryphaessa,Homeric Hymns 31.5 Aethra,Hyginus, Fabulae preface og Basileia.Diodorus Siculus, Historic Library 3.57.2–8; Grimal, s. v. Basileia Syskena hans er Selene (månen) og Eos (morgonrauden). Sonen hans var Faeton, som prøvde og feila å styra solvogna til faren.

Helios blir gjerne framstilt som ein skjegglaus man i lilla klede med ein glorie eller flagrande hår som liknar solstrålar.

mini|venstre|Helios i stridsvogna si. Måleri frå 1680 av Johann Baptist Zimmermann. Namn Guden blei også kalla Helios Panoptes, 'den altsjåande Helios/sola'.

Namnet på grunnstoffet helium er avleidd av Helios. Helium er eitt av dei viktigaste stoffa i sola.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helios (mytologi)» frå , og «Helios» frå den 22. mars 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Solgudar Kategori:Greske gudar