Vito Volterra () var ein italiensk fysikar og matematikar, hovudsakleg kjend i dag for arbeidet sitt med matematisk biologi. Han var opphavleg professor i fysikk ved universitetet i Roma, men tok til å interessera seg for bestandsdynamikk i 1925 då dotter hans forlova seg med ein ung marinbiolog som studerte korleis første verdskrigen hadde påverka fisket i Adriahavet.

Denne interessa førte til at han utvikla Lotka-Volterra-likningane, som vart utvikla samstundes av amerikanaren Alfred J. Lotka.

Kategori:Italienske matematikarar Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet