Risværfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Nærøysund og Leka i Trøndelag. Fjorden ligg mellom Vikna og øya Leka og strekkjer seg 13 km austover til Liternes på fastlandet.

Fjorden startar aust for Kvaløya i Vikna og er kalla opp etter øygruppa Risvær som ligg på sørsida av fjorden. Sør for Risvær ligg Eiterfjorden, medan Lekafjorden går nordaustover på sør for Leka.

Kategori:Fjordar i Trøndelag Kategori:Fjordar i Nærøysund Kategori:Geografi i Leka