Žilina er ein by nordvest i Slovakia, rundt 200 km frå hovudstaden Bratislava. Han er den fjerde største byen i Slovakia med rundt 85 000 innbyggjarar. Byen er eit viktig industrisenter og den største byen ved elva Váh. Han er òg sete i Žilina kraj og i Žilina okres.
Historie Området rundt Žilina har vore busett sidan steinalderen (rundt 20 000 f.Kr.). På 400-talet flytta slavarar til området. Dei første skriftlege kjeldene om Žilina er frå 1208 då han vart kalla terra de Selinan. Frå andre halvdel av 900-talet til 1918 var han ein del av Kongedømet Ungarn.
Byen starta å utvikle seg frå rundt år 1300 og hadde alt bystatus i 1312. I 1321 fekk han status som fri kongeleg by av kong Karl I. 7. mai 1381 gav kong Ludvig I ut Privilegium pro Slavis som gjorde dei slaviske innbyggjarane til likemenn av dei tyske innbyggjarane ved at halvparten av bystyret no skulle vere slavarar. Byen vart brend ned av husittar i 1431.
På 1600-talet vart Žilina eit senter for produksjon, handel og utdanning, og under barokken vart det bygd mange kloster og kyrkjer, i tillegg til Budatín-borga. I revolusjonane i 1848, vann slovakiske frivillige, ein del av keisarhæren, eit slag i nærleiken mot ungarske honvedar og gardistar.
Byen blømde på andre halvdel av 1800-talet då det vart lagt jernbane til byen. Denne stod ferdig i 1872 med linje til Košice og i 1883 fekk byen jernbanesamband med Bratislava. Nye fabrikkar sprang opp, som den manufakturfabrikken Slovena (1891) og Považie kjemiverk (1892).
Han var ein av dei første kommunane som signerte Martin-erklæringa (30. oktober 1918) og fram til mars 1919 var han sete for dei slovakiske styresmaktene. 6. oktober 1938, kort tid etter München-avtalen, vart sjølvstyret til Slovakia som ein del av Tsjekkoslovakia erklært i Žilina.
Etter den andre verdskrigen vart det bygd mange bye fabrikkar, skular og bustadhus i byen. Han var sete for Žilina kraj frå 1949-1960 og igjen sidan 1996.
mini|venstre|Trolleybuss i Žilina.
I dag er Žilina den fjerde største byen i Slovakia, det tredje viktigaste industrisenteret og sete for eit universitet, Žilinská univerzita (grunnlagd i 1953). Sidan 1990 har det historiske senteret i byen vorte gjenoppbygd og byen har bygd ut trolleybuss-linjer
Innbyggjarar
Folketalet ved dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Žilina 85 400 81 494 82 656
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Žilina» frå , den 9. april 2009.
Bakgrunnsstoff
Zilina Zilina