Asyut eller Assiut er eitt av 28 guvernement i Egypt. Han har rundt 4,4 millionar innbyggarar fordelt på 13 720 km². Hovudstaden i regionen er Asyut, andre store byar er Abu Tij og Manfalut.

Geografi Byar i Asyut: Abnub Abutig Asyut Dairut el Badari el Fateh el Ghanayem Manfalut Qis (Kusai eller el-Qusiya) Sahel Selim Sedfa

I Asyut finn ein også dei gamle egyptiske gravstadene i Meir og Deir el-Gabrawi, og byen Durunka med eit kloster vigd til Jomfru Maria som er pilegrimsmål for mange koptarar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Guvernement i Egypt