Karen Hulda Garborg f. Bergersen () var ein norsk forfattar og kulturarbeidar, gift med Arne Garborg.

Liv Hulda Bergersen var frå Stange på Hedmarka. Faren dreiv storgarden Såstad, men hadde store alkoholproblem, og mora flytta etter kvart ut med Hulda og dei to søstrene hennar. Dei busette seg på Hamar.

mini|venstre|Portrett av Arne og Hulda Garborg, ca.1890 mini|Portrett av Hulda Garborg i bunad, som var eit av emna ho arbeidde med. Som ung jente flytta Hulda til Kristiania, der ho blei oppteken av arbeidarrørsla og norsk nasjonsreising, mellom anna målsaka. Ho var òg interessert i skodespel, og ville bli skodespelar. Men familien mangla pengar, og ho fekk seg butikkjobb i staden. Butikken ho arbeidde i, var eigd av brørne Dobloug, som var radikale for den tida – nasjonalistiske venstretilhengjarar. Dei var dei første som selde reine norske flagg, utan unionsmerke.

Hulda gifta seg borgarleg med Arne Garborg i 1887, og brende samstundes det ho hadde skrive av dikt og småstykke. Seinare tok ho likevel pennen fram att, og gav ut si første bok i 1892, romanen Et frit Forhold. Etter dette skreiv ho mange bøker, sakprosa, romanar og skodespel, og ho veksla mellom å skriva på bokmål og nynorsk. Eit av skodespela hennar, Rasjonelt fjøsstell, er blitt så ofte sett opp av bygdeungdomslag over heile landet at det er eit av dei mest spelte stykka i norsk teaterhistorie.

Etter at dei hadde gifta seg, hadde Hulda og Arne busett seg i Kolbotn i Østerdalen. I 1897 flytta dei til Labråten, som blei hovudheimen deira i fleire tiår. Hulda budde her resten av livet, også då Arne drog tilbake til Jæren. Labråten vart ein sentral møtestad for den såkalla «Askerkretsen», eit intellektuelt og kulturpolitisk miljø.

Arne og Hulda Garborg fekk ein son, Arne Olaus Fjørtoft Garborg. Han var oppkalla etter faren og sosialisten Olaus Fjørtoft, men vart oftast tiltalt som «Tuften».

Ho er hauglagt i Knudaheio.

Virke Hulda Garborg skreiv fleire romanar, dikt, skodespel, artiklar og faktabøker. Ho var særleg opptatt av kvinna si stilling i samfunnet og av den tradisjonelle norske kulturen.

Ho var mellom anna engasjert i å verna den norske folkedansen, og dreiv kurs i dette samstundes som ho utvikla drakter ein kunne dansa i, inspirert av gamle folkedrakter. Dette blei opphavet til mange moderne bunader, og Garborg har fått mykje av æra for den fortsette bruken av dei norske folkedraktene. Huldadrakta er ei forenkling av hallingdrakta. Tradisjonelt norsk matstell var eit anna emne ho interesserte seg for, Heimestell er ei av dei mest selde norske kokebøkene nokosinne.

I 1910 starta ho Det norske spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret, med Hulda som styreformann. Ei byste av henne står nå på teateret.

Hulda Garborg var òg kommunepolitikar for Det frisinnede Venstre og blei den første kvinna som sat i formannskapet i Asker kommune.

Arven etter Hulda Fleire hus står igjen etter diktarparet, der særleg husa i Kolbotn og Labråten kan knytast til begge. I september 2012 opna kulturministeren Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, ein formidlingsarena for å fremja interessa for deira tankar og visjonar. Målet skal vera å inspirera til samfunnsengasjement, å lesa og skapa, samt vera ein sosial møteplass.

Både Johs. A. Dahle, Tor Obrestad og Arnhild Skre har skrive biografiar om Hulda Garborg. Sistnemnde fekk Brageprisen for boka i 2011.

Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger held til i Hulda Garborgs hus, og ho har fått veg oppkalla etter seg både i Asker og på Bryne. Norsk amatørteaterfestival deler ut Huldaprisen.

Verkliste Skjønnlitteratur Et frit Forhold, roman, 1892 Mødre, skodespel, 1895 Rasjonelt fjøsstell, skodespel, 1896 Kvinden skabt af manden, 1904 Edderkoppen, skodespel, 1904 Mann av guds naade, 1908 Fru Evas dagbog, 1915 Grågubben, 1925 Hildring, 1931

Sakprosa Heimestell, 1898 Fra Kolbotnen og andetsteds, 1903 Norsk klædebunad, 1903, utvida utgåve 1917

Prisar og utmerkingar 1932: Riddarkrossen av 1. klasse av St. Olavs-ordenen

Litteratur Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4

Bakgrunnsstoff Hulda Garborg. Nasjonal strateg av Arnhild Skre (2011) Hulda av Tor Obrestad (1992), 2. utg. kom i 2001 med namnet Hulda. Ein biografi Hulda Garborg av Johannes Andreasson Dale (1961) «Hulda Garborg, 1862–1934» av Arnhild Skre i Norsk Oversetterleksikon «Hulda Garborg» av Sigrid Bø Grønstøl på Allkunne «Hulda Garborg» av Arne Dag Østigaard i Norsk biografisk leksikon 2. utg. (2001) «Garborg, Karen Hulda» av Johannes Andreasson Dale i Norsk allkunnebok (1953) «Garborg, Karen Hulda» av Olav Midttun i Norsk biografisk leksikon 1. utg. (1929) Livsskildring av Anton Aure frå 1916, Nasjonalbiblioteket Samandrag av nokre av Hulda Garborg sine bøker Eit nasjonalt idol , biografi i Dag og Tid Hulda Garborg som nasjonal og internasjonal i Dag og Tid

Digitalt Tilgjengeleg arkivmateriale knytt til Hulda Garborg i Nasjonalbiblioteket

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Stange Kategori:Det Norske Teatret Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske dagbokforfattarar

Kategori:Nynorskforfattarar