Offisielle flaggdagar i Noreg er dagar med påbod om flagging frå statlege verksemder. For flaggdagar i andre land, sjå Flaggdagar.
Etter forskifta skal ein heise flagget klokka 8 i månadene mars til og med oktober, klokka 9 i månadene november til og med februar. I Nord-Norge skal ein heise flagget klokka 10 i desse vintermånadene. Ein skal hale flagget ved solnedgang, dog ikkje seinere enn kl. 2100. I Nordland, Troms og Finnmark skal ein hale flagget kl. 1500 i månadene november–februar.
Offisielle flaggdagar i Noreg mini|Det norske flagget på ei flaggstang. I Noreg er det ved forskrift fastsett flaggdagar då statlege verksemder skal flagge med det norske statsflagget. Mange privatpersonar heiser også flagget på desse dagane.
1. januar: Nyårsdag 21. januar: Fødselsdagen til prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg 6. februar: Samefolkets dag 21. februar: Fødselsdagen til kong Harald V av Noreg 1. mai: Offentleg høgtidsdag 8. mai: Frigjeringsdagen 1945 17. mai: Grunnlovsdagen 7. juni: Unionsoppløysinga 1905 4. juli: Fødselsdagen til dronning Sonja av Noreg 20. juli: Fødselsdagen til kronprins Haakon Magnus av Noreg 29. juli: Olsokdagen 19. august: Fødselsdagen til kronprinsesse Mette-Marit av Noreg 25. desember: 1. juledag
Rørlege flaggdagar: 1. påskedag 1. pinsedag Dagen for Stortingsval
Samiske flaggdagar i Noreg mini|Det samiske flagget. På offisielle flaggdagar kan det òg flaggast med det samiske flagget. Dette flagget kan òg brukast ved andre markeringar og på dei samiske flaggdagane: 6. februar: Samefolkets dag 2. mars: Dagen då Sametinget i Finland vart opna - 2. mars 1996 25. mars: Marimesse - Maria bodskapsdag. Tradisjonell samisk merkedag 24. juni: Midtsommarsdagen - Jonsokdagen. Tradisjonell samisk merkedag 9. august: Den internasjonale urfolksdagen til SN 15. august: Dagen då det samiske flagget vart godkjent – 15. august 1986 18. august: Dagen då Samerådet vart oppretta – 18. august 1956 26. august: Dagen då Sametinget i Sverige vart opna – 26. august 1993 9. oktober: Dagen då Sametinget i Noreg vart opna – 9. oktober 1989 9. november: Dagen då Sameparlamentet i Finland vart oppretta – 9. november 1973 15. november: Dagen då Isak Saba vart fødd – 15. november 1875 29. november: Dagen då Elsa Laula vart fødd – 29. november 1877
Kjelder Forskrift om bruk av statsflagget og handelsflagget Forskrift om bruk av det samiske flagget
Kategori:Flagg Kategori:Høgtider Kategori:Norske merkedagar