Deimos er den ytste og minste av dei to marsmånane. Han vart oppdaga den 12. august 1887 av den amerikanske astronomen Asaph Hall og er namnsett etter Deimos i gresk mytologi.
Deimos nyttar 30,3 timar på eit krinslaup rundt Mars.
Fysiske eigenskapar mini|125px|venstre|Overflata av Deimos frå 30 km (Viking, 1977). Deimos - Viking 2 Orbiter Deimos har, som den månen til Mars, Phobos, eit spekter, albedo og tettleik som minnar om ein C- eller D-type-asteroide. Som dei fleste lekamar av denne storleiken, er forma på Deimos uregelmessig og ikkje kuleforma, med dimensjonane 15 × 12,2 × 11 km noko som gjer han til 0,56 gonger storleiken til Phobos. Deimos består av bergartar som er rik på karbonhaldige materiale, som dei fleste C-type-asteroidane og karbonhaldige kondritt-meteorittar. Han har krater, men overflata er langt glattare enn overflata på Phobos, dels fordi kratera er fylte med regolitt. Regolitten er særs porøs og har ein radar-estimert tettleik på berre 1,471 g/cm3. Dei to største kratera, Swift og Voltaire, måler berre kring 3 km i diameter.
Han har ein frigjeringssnøggleik på 5,6 m/s og tilsynelatande storleiksklasse på 12,45.
Geologiske kjennemerke
Det er berre to geologiske kjennemerke på Deimos som har fått namn. Kratera Swift og Voltaire er kalla opp etter forfattarar som spekulerte i om det fanst to Mars-månar før Phobos og Deimos vart oppdaga.of Planetary Nomenclature, USGS Astrogeology Research Program
Krater Kalla opp etter Koordinatar Diameter (m) Swift Jonathan Swift 1000 Voltaire Voltaire 1900Nomenclature: Crater, craters
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Deimos (moon)» frå , den 23. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Deimos hos NASA Rotasjonsfilm av Deimos Animasjon av Deimos
Kategori:Mars Kategori:Månar 18770812