Republikken og kantonen Jura (fransk République et Canton du Jura) er den nyaste av kantonane i Sveits og ligg i den nordvestlege delen av landet. Hovudstaden i kantonen er Delémont.
Distrikt og kommunar Jura omfattar tre distrikt, som er delt opp i til saman 83 kommunar. Dei tre distrikta er Delémont, Porrentruy og Franches-Montagnes.
Samfunn og soge Fransk språk er kantonsspråk. Den einaste kommunen som er tyskspråkleg er Ederswiler i nordaust.
Dei fleste innbyggarane i Jura soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Jura vart skilt ut frå kantonen Bern i 1979 etter lang tids strid. Bern er hovudsakleg tyskspråkleg og protestantisk, medan Jura er franskspråkleg og katolsk.
Sjå òg Tidsperioden Juratida, som har namn etter Jurafjella. Desse ligg delvis i kantonen Jura.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1979