Hirsch Glik () var ein jiddischspråkleg diktar.
Glik var fødd i Vilnius i daverande Polen. Alt tidleg i ungdomstida skreiv han dikt. Etter at Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen, vart Glik arrestert av tyskarane og ført til konsentrasjonsleiren Waisse Wake og sidan til ghettoen i Vilnius. Der slutta han seg til partisanrørsla, og tok i 1942 del i ein oppstand i ghettoen. Han skreiv òg heile tida dikt og songtekstar, mellom dei den namngjetne partisansongen på jiddisch «Zóg nit kein mól», og «Shtil, di nakht iz oysgeshternt», som òg handlar om jødiske partisanar.
Glik skal ha vorte teken til fange av tyskarane i 1943 og ført til ein konsentrasjonsleir i Estland. Han skal så ha greidd å rømme frå leiren og ut i skogane i 1944, men skal så ha falle kort tid seinare i kamp mot tyske styrkar.
Litteratur
Lutz van Dijk: Der Partisan. Med eit etterord av Esther Bejarano «Poesie als Waffe»? Førsteutgåva frå Alibaba Verlag, Frankfurt/M 1991: C. Bertelsmann Jugendbuchverlag, nytt opplag utgitt i München 2002. ISBN 3-570-30049-8
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hirsch Glik» frå , den 4. november 2007.
Bakgrunnsstoff Songar av Hirsch Glik ved ulrich-greve.eu
Kategori:Litauiske jødar Kategori:Askenasar Kategori:Holocaust Kategori:Jødiske diktarar Kategori:Jiddisch-språklege diktarar Kategori:Folk frå Vilnius Kategori:Jødiske partisanar Kategori:Vilna-ghettoen