Hålogaland Teater er eit regionteater for Nord-Noreg. Teateret vart etablert i 1971 som det første regionteateret i Noreg og det første profesjonelle teateret i Nord-Noreg. Det starta verksemda si 15. august 1971.
Læraren, forfattaren og kulturpersonlegdomen Lars Berg kjempa heile livet sitt for eit nordnorsk teater. Nordnorsk mål på nordnorsk scene var Lars Bergs kongstanke – det skulle vise seg at pionergruppa som tok fatt på oppgåva i 1971 ikkje slo igjennom hos det nordnorske publikumet før dei tok nordnorsk dialekt i bruk på scena. Sida har nordnorsk prega alle teateret framsyningane sine fram til i dag.
Opphavleg hadde ein teateroppsettingar i heile Nord-Noreg, men etter starten av Nordland Teater fokuserer teateret hovudsakleg på oppsettingar i Troms og Finnmark. Hovudsetet ligg i Tromsø, der Hålogaland Teater tok i bruk sitt eige teaterbygg den 4. november 2005. Teateret hadde per 21. februar 2006 over 50 tilsette.
Teatersjefar 1971–1985: Kollektiv leiing, styrt gjennom allmøte 1986–1989: Bernhard Ramstad 1989–1990: Svenn B. Syrin og Arvid Esperø 1990–1992: Arvid Esperø og John Sigurd Kristensen 1992–1996: John Sigurd Kristensen 1997–2000: Haukur J. Gunnarsson 2001–2008: Nils Johnson 2009–2012: Iren Reppen 2013– : Nina Wester
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hålogaland Teater» frå , den 29. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kulturliv i Tromsø Kategori:Nord-Noreg Kategori:Teater i Noreg Kategori:Skipingar i 1971 Kategori:Tusenårsstader