County Londonderry er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.

County Londonderry grensar til Tyrone i sør og Antrim i aust. I vest grensar grevskapet til County Donegal i Republikken Irland og i nord ligg Atlanterhavet. I søraust ligg Lough Neagh.

Den viktigaste byen, som tidlegare var administrasjonsby, er Derry eller Londonderry. Sidan 1973 har ikkje grevskapet hatt nokon administrativ funksjon, og er i den samanheng erstatta av distrikt.

Namnet på byen og grevskapet var opphavleg Derry, men på grunn av Londonfirma si deltaking i busetnaden av Ulster fekk han nytt namn. Nordirske nasjonalistar held på det gamle namnet både på byen og grevskapet, og i Republikken Irland nyttast òg forma Derry i offisielle samanhenger.

Grevskapet er nyare enn dei andre på øya. Det vart oppretta seinare då Coleraine vart slått saman med delar av Antrim, Donegal og Tyrone. Årsaka til dette er at byen sine styresmakter ønskte å få kontroll over omlandet, og pressa gjennom opprettinga av ei ny administrativ eining.

Byar og landsbyar Arghadowey Ballykelly, Bellagy Castledawson, Coleraine Derry, Desertmartin, Draperstown, Dumananagh Dungiven Eglinton Feeny Garvagh Kilrea Limavady, Londonderry Maghera, Magherafelt, Moneymore Portstewart Springhill

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «County Londonderry» frå , den 25. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grevskap i Nord-Irland