County Wexford (irsk Contae Loch Garman eller berre Loch Garman) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wexford. Namnet på byen, og dermed grevskapet, kjem frå norrøne namnet Waesfjord, fjorden ved mudderslettene.
Eit fylke, Wexford County, i den amerikanske delstaten Michigan er kalla opp etter det irske grevskapet.
County Wexford grensar til Wicklow og Carlow i nord, Kilkenny og Waterford i vest, Det keltiske havet i sør og Irskesjøen i aust.
Historie I 1169 invaderte anglo-normannarane Wexford etter oppfordring frå kongen av Leinster, Diarmuid MacMurrough Kavanagh. Dette var det første skrittet mot den engelske koloniseringa av øya. Under det irske opprøret i 1798 stod nokre av dei hardaste kampane i Wexford, spesielt slaget ved Enniscorthy og slaget ved Boolavogue.
Det var i 1970-åra planar om å byggje eit atomkraftverk ved Carnsore Point. Dette vart skrinlagt, og det står no eit vindkraftverk med 14 vindmøller der.
Byar og landsbyar i Wexford Adamstown Arthurstown Ballcullane Ballygarrett Ballykelly Bridgetown Broadway Campile Castlebridge Coolgreany Courtown Craanford Crossabeg Curracloe Duncannon Enniscorthy Ferns Gorey Inch Kilmore Kilmore Quay Monamolin New Ross Oylegate Wellington Bridge Rathnure Saltmills Taghmon Wexford
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «County Wexford» frå , den 25. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Wexford