Lugnaquilla (irsk Log na Coille, som tyder ‘Skogsøkket’) er eit fjell i County Wicklow i Republikken Irland. Det er det høgaste fjellet i Leinster og det 13. høgaste fjellet på Irland. Det er det høgaste fjellet i Wicklowfjella aust på Irland og er eit av fjorten fjell på Irland over 3 000 fot med ei høgd på 925 moh. På klåre dagar kan ein sjå austover, over Irskesjøen til åsane på Llŷnhalvøya og fjella Snowdonia i Wales.
Sidan det ligg nær hovudstaden Dublin er toppen av Lugnaquilla ofte vitja. Ofte vert fjellet berre kalla Lug. Lugnaquilla er eit stort fjell med ein stor platåliknande topp. På begge sider er det bratte dalbotnar.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lugnaquilla» frå , den 20. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff Datagenererte panoramabilete frå toppen: Nord Sør Indeks
Kategori:Wicklow Kategori:Fjell på Irland