Helgeland Kraft er ein produsent og leverandør av elektrisitet med hovudkontor i Mosjøen og avdelingskontor i Brønnøysund, Sandnessjøen og Mo i Rana.
Historie
Aksjeselskapet Helgeland Kraft er ei vidareføring av det kommunalt eigde Helgeland kraftlag som vart etablert i 1964 ved ei samanslåing av Sør-Helgeland kraftlag og Midt-Helgeland kraftlag. Av desse var Sør-Helgeland kraftlag det eldste, som gjorde den første utbygginga i Rørøyfossen på Vega i 1914.
Kraftverk
Helgeland Kraft eig åtte kraftverk med ein middels årsproduksjon på til saman 950,6 GWh: Sjona kraftverk, 238 GWh Svartvatn kraftverk, 6 GWh Grytåga kraftverk, 250 GWh Fagervollan kraftverk, 65 GWh Kaldåga kraftverk, 68 GWh Forsland kraftverk, 27 GWh Langfjord kraftverk, 40 GWh Ildgrubfossen kraftverk, 30 GWh Andåsfossen kraftverk, 7 GWh Øvre Forsland kraftverk, 33 GWh Tosdalen kraftverk, 40 GWH Leiråa kraftverk, 27 GWh Bjørnstokk kraftverk, 24,6 GWh Tveråa kraftverk, 16 GWh Storelva kraftverk, 22 GWh Laksen kraftverk, 20 GWh Vassenden kraftverk 37 GWh
I tillegg har Helgeland Kraft driftsansvar for Kolsvik kraftverk på 630 GWh, der selskapet eig om lag 50 %.
Eigarskap Det er kommunar på Helgeland som eig aksjane i Helgeland Kraft. Aksjonærane er kommunane Alstahaug (10,1 %), Brønnøy (9,6 %), Dønna (4,4 %), Grane (2,5 %), Hattfjelldal (2,5 %), Hemnes (7,0 %), Herøy (3,8 %), Leirfjord (3,2 %), Nesna (4,6 %), Rana (26,8 %), Sømna (3,2 %), Vefsn (18,3 %), Vega (2,8 %) og Vevelstad (1,2 %).
Helgeland Kraft har direkte eller indirekte eigarskap i følgjande selskap: Mo Fjernvarme - leverer vassboren varme i Mo i Rana Helgeland Vekst AS - regionalt investeringsselskap Storuman Energi AB - svensk kraftsalselskap Naturgass Helgeland AS - distribusjonsselskap for naturgass Enviro Energi - salselskap for grøn energi Elinor - innkjøpssamarbeidsselskap Norsec - energirådgjevingselskap
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Næringsliv i Vefsn Kategori:Næringsliv i Nordland Kategori:Norske kraftselskap Kategori:Skipingar i 1895