Gullfoss er ein foss sørvest på Island der elva Hvítá renn ut i ein ravine.

Gullfoss er ein av dei mest populære turistattraksjonane i landet. Den vide elva Hvítá renn sørover og svingar skarpt til venstre og utfor tre bratte «trappetrinn» før ho rasar utfor to fall (11 m og 21 m) ned i ei 32 meter djupt kløft. Kløfta er om lag 20 meter brei og 2,5 km lang. Middelvassføringa gjennom fossen er 100–180 m³/s om sommaren, då snø- og issmeltinga er stor, og 50–110 m³/s om vinteren. Den høgaste vassføringa som er målt her var på 2000 m³/s.

mini|venstre|Gullfoss seint i mars 2007. Når ein nærmar seg fossen kan ein ikkje sjå kløfta slik at det ser ut til at elva berre forsvinn ned i bakken.

Fleire gonger dei siste hundre åra har det vore spekulert i om ein skal nytte Gullfoss til kraftproduksjon. Fossen vart indirekte leigd bort til utanlandske investorar av eigarane Tómas Tómasson og Halldór Halldórsson. Investorane hadde derimot ikkje nok pengar og klarte ikkje å få utført planane. Fossen vart seinare seld til staten, men sjølv etter han vart seld var det planar om å utnytta fossen til vasskraft, noko som ville ha endra fossen for alltid. Dette vart derimot ikkje gjort og i dag er fossen verna.

Sigríður Tómasdóttir, dottera til Tómas Tómasson, var fast bestemt på å redde fossen frå å verte utbygd og truga med å kaste seg sjølv utfor fossen. Ei svært populær soge er at Sigríður redda fossen, men dette er ikkje sant. Ein minnestein for Sigriður, ovanfor fossen, viser ho i profil.

I lag med Þingvellir og geysirane i Haukadalur dannar Gullfoss Gullsirkelen, ein populær dagsturrute for turistar på Island.

Sjå òg Fossar på Island

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gullfoss» frå , den 9. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff Biletgalleri på islandsmyndir.is Bilete på south.is Informasjon om og bilete av Gullfoss

Kategori:Fossar på Island