Eldgjá (islandsk uttale eld-gjao) er ein vulkan og ein elvedal på Island. Eldgjá og dei nærliggande Laki-kratera er ein del av det same vulkansystemet som Katla sør i landet. Eldgjá tyder «eldgjel» på norsk.
Dalen ligg mellom Landmannalaugar og Kirkjubæjarklaustur, og på det djupaste er gjelet 270 meter djupt og 600 meter breitt. Han vart oppdaga av Þorvaldur Thoroddsen i 1893. Det første dokumenterte utbrotet i 934 var den største flaumbasalten i historisk tid. Det er estimert at 18 km³ med lava strøymde ut av jorda.
Det ligg ein flott foss kalla Ófærufoss i dalen. Ei naturleg bru over fossen forsvann i 1993 på grunn av smeltande is. Smeltevatnet førte til stor vassføring som vaska bort brua.
Sjå òg Vulkanar på Island
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eldgjá» frå , den 4. oktober 2007.
Kategori:Vulkanar på Island Kategori:Fjell på Island Kategori:VEI-6-vulkanar Kategori:Vulkansprekker Kategori:Platåbasaltar