Sola er stjerna som ligg i sentrum av solsystemet. Jorda og andre himmellekamar, som planetar, asteroidar, meteoroidar, kometar og støv, går i bane rundt sola. Sola står for meir enn 99 % av massen i solsystemet, og energien som ho ståler ut, støttar nesten alt liv på jorda gjennom fotosyntese. Varmen frå sola er den drivande krafta i klimaet og vêret på jorda, og ho står for 1/3 av tidvasseffektane – resten står månen for. Gjennom solstrålane er ho hovudkjelda for det meste av energien ein bruker på jorda, og mange kulturar har derfor vyrdt sola som ein guddom.

Sola er sett saman av 74 % hydrogen, 25 % helium, mens resten er spor av tyngre grunnstoff. Sola er ca. 4,6 milliardar (109) år gammal og omtrent midt i hovudserien. Ved fusjon vert omtrent 700 millionar tonn hydrogen gjort om til 695 millionar tonn helium i sekundet, mens 5 millionar tonn vert gjort om til elektromagnetiske bølgjer, i hovudsak gammastråling. Sola vil fortsetje med dette i ca. 5 milliardar år til før ho vert ei raud kjempe, og deretter endar kjernen som ein kvit dverg som gradvis vert kjølt ned over milliardar av år. Samtidig kastast dei ytre laga av som ei planetarisk tåke som vert strødd ut og er synleg i nokre titusen år.

Sola brenn om lag 25 % meir lyssterkt no enn då solsystemet var ungt. (Dette kunne fått store konsekvensar for livet på planeten vår, men takk vere små, eincella skaldyr som foraminifar, som absorberer karbondioksid når regn fører det med seg ut i havet, påverkar ikkje den auka varmestrålinga klimaet på jorda.)

Symbolikk Det astronomiske symbolet for sola er ein sirkel med ein prikk inni ).

thumb|left|Solnedgang over havet

Sjå òg Solstråling Solinnstråling Solsymbol Sola i kulturen :Kategori:Solgudar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Solsystemet * Kategori:Stjerner Kategori:Hovudseriestjerner klasse G Kategori:Lyskjelder Kategori:Romplasma Kategori:Plasmafysikk Kategori:Stjerner med eigennamn