Níkea (gresk Νίκαια), òg skrive Nikaia, er ein tidlegare kommune i storbyområdet til Aten i Hellas. I dag er han ein del av kommunen Níkea-Ájos Ioánnis Réndis i periferieininga Pireus i periferien Attikí. Fjellet Egáleo ligg i nord. Níkea ligg om lag 8 km sørvest for sentrum av Aten og 4 km nordaust for sentrum av Pireus.

Níkea utgjorde tidlegare jordbruksområde, og den urbane utviklinga erstatta mykje av desse områda mellom 1930- og 1950-åra. Mange flyktningar kom til byen etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 og i dag er dei fleste områda stort sett urbanisert. Berre lengst nord ved fjellet Egáleo finn ein meir steinete landskap.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nikaia, Attica» frå , den 11. september 2007.

Nikea Nikea Nikea Nikea