Mégdovas (gresk Μέγδοβας) eller Tavropós (gresk Ταυρωπός) er ei elv som renn gjennom periferieiningane Kardítsa og Evrytanía i Hellas.

Elva har sitt utspring i fjella nord i Kardítsa og renn gjennom reservoaret Plastírassjøen, som gjev elektrisitet og vatn til Thessalía og Sentral-Hellas. Ho renn inn i Evrytanía og ein dal med noko jordbruk og skogar av furu og gran. Elva renn forbi Karoplési og vest for Domianí før ho renn ut i Kremastásjøen (Akhelóosreservoaret). Elva Akhelóos renn vidare frå Kremastásjøen.

Historie Seint i 1950-åra vart det bygd ei demning på Mégdovas, som danna Plastírassjøen. Eit anna damprosjekt danna Kremastáreservoaret i 1967, og før dette reservoaret vart konstruert, rann Mégdovas direkte ut i Akhelóos.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Megdova» frå , den 1. september 2007.

Megdovas Megdovas Megdovas