Pandokrátor (gresk skrift Παντοκράτωρ), stundom Pantocrator, er eit fjell nord på Kérkyra i Hellas. Med ei høgd på 906 moh er Pantokrátor det høgaste fjellet på øya. Frå toppen kan ein sjå heile Kérkyra og Albania, som berre ligg like innanfor øya. På særleg klåre dagar kan ein sjå heilt til Italia, som ligg 130 km borte.
Det går ein smal veg til toppen der det ligg ein kafé for turistar, ein kommunikasjonsstasjon og eit kloster. Det første klosteret på staden var angevinsk, bygd i 1347, men dette vart øydelagd rundt 1537. Den noverande kyrkja kjem frå 1689, og den noverande fasaden vart bygd på 1800-talet.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Pantokrator» frå , den 25. august 2007. oppgav desse kjeldene: www.agni.gr - Det høgaste fjellet på Kérkyra Pantokrator på www.corfulinastravel.com
Bakgrunnsstoff Utsyn frå Pantokrátor
Kategori:Periferieininga Kérkyra Kategori:Fjell i Hellas