Scott Andrew Speed () frå Manteca i California) er ein amerikansk Formel 1-førar som køyrer for laget Scuderia Toro Rosso.
Han debuterte i Formel 1 i 2005 som testførar for Red Bull Racing under Canada GP og USA GP.
Føre 2006-sesongen fekk Speed plass i Scuderia Torro Rosso, som Red Bull døypte om Minardi-laget til etter at dei kjøpte det opp hausten 2005. Han klarte ikkje å få noko poeng i løpet av sesongen og enda førarmeisterskapen på ein 20. plass. Han fullførte 13 av til saman 18 løp.
I Australia fullførte Speed på 8.-plass, som skulle gjeve han eit poeng, men han vart gjeven ei tidsstraff på 25 sekund for å ha passert David Coulthard under gulflagg, og dermed enda han på 9.-plass, utan poeng. Under forklaringa for løpsleiinga etter løpet fekk Speed ei bot på $5000 for å ha banna til Coulthard under forklaringa.
Kategori:Formel 1-førarar Kategori:Motorsportutøvarar frå USA Kategori:Folk frå California