Olve er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Ǫlvir (runa ǫ, «O med kvist»), eller Ølvir , truleg samansett av vern - lukke og kjempe. Namnet er sjeldant, men har vorte noko vanlegare etter 1970.
Olve har namnedag i Noreg 3. august.
Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 vart tolv personar manntalsførte med namnet Olve, (10 Olve og to Aalve), dei fleste budde i Aust-Agder.
I teljinga frå 1900 var det 21 personar som het Olve (to av dei vart innskrivne som Aalve, ein som Ølve), 15 av desse busette i Aust-agder.
I 2007 var det 312 som hadde Olve til første fornamn.
Kjende namneberarar Olve på Egge (Ǫlvir á Eggju), hovgode på Mære som blei drepen av Olav den heilage Olve Eikemo (f. 1973), kjend under artistnamnet Abbath Doom Occulta, svartmetallmusikar og komponist
Litterære figurar Olve Grjotgardsson (Olve av Egge) i den historiske romantriologien «Sølvhammeren», «Jærtegn» og «Helgenkongen» av Vera Henriksen.
Sjå òg
Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991)
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav