Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og etter grønlandske Scoresbysund den nest lengste fjorden i verda.
Fjorden ligg i Vestland fylke og strekkjer seg frå foten av Jotunheimen i aust og mot kysten av Vestlandet. Han er 205 km lang frå Skjolden inst i Lustrafjorden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Dei største djupnene ligg innover i fjorden; ved munningen er botnen berre 100 meter under havoverflata.
Over fjorden går ei kraftline med eit spenn på 4597 meter. Dette er den nest lengste kraftlina i verda.
mini|venstre|Satellittbilete av Sognefjorden. (Kjelde: NASA)
Samferdsle Sognefjorden har vore ei viktig samferdsleåre frå gamalt av. Han har gjort det mogleg å frakta landbruksprodukt, frukt, bær og fisk mellom bygdene i Sogn og Bergen.
Det er i dag fem ferjesamband som kryssar fjorden: Solvorn-Ornes Mannheller-Fodnes Kaupanger-Frønningen (berre måndag, onsdag og fredag) Hella-Vangsnes-Dragsvik Nordeide-Måren-Ortnevik(-Vik) (avgrensa bilplassar for mindre køyretøy) Lavik-Oppedal Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella
I tillegg går det daglege snøggbåtruter frå Sogndalsfjøra til Bergen og Selje i Nordfjord.
Om sumaren går det ferje Gudvangen-Styvi-Dyrdal-Kaupanger-Frønningen-Lærdalsøyri i turistsesongen (mai-september).
Fjordarmar mini|venstre|Satellittbilete der Sognefjorden (i midten) avteiknar seg tydeleg mot raudfarga snø. (Kjelde: NASA) thumb|upright=2.3|Sognefjorden I motsetnad til Hardangerfjorden har ikkje kvar enkelt del av Sognefjorden eit eige namn. Berre Sognesjøen ytst i fjorden og Årdalsfjorden eller Lustrafjorden vert nytta som andre namn på Sognefjorden. Sognefjorden har derimot mange fjordarmar. Frå innløpet i vest og austover er desse (lengder i parentes): Sognesjøen (35 km) Straumsfjorden (8 km) Bjørnefjorden (3 km) Gulafjorden (22 km til botn av Austgulfjorden) Eidsfjorden i Gulen (10 km) Nordgulfjorden (4 km) Austgulfjorden (8 km) Nessefjorden (6,5 km) Lifjorden (6 km) Bøfjorden i Hyllestad (4 km) Risnefjorden (6 km) Ikjefjorden (4,5 km) Vadheimsfjorden (5,5 km) Fuglsetfjorden (8 km) Eiesfjorden (1,8 km) Høyangsfjorden (8 km) Lånefjorden (3 km) Finnafjorden (6 km) Arnafjorden (8,5 km) Indrefjorden i Vik (2 km) Framfjorden (1,5 km) mini|Fjærlandsfjorden. Esefjorden (4 km) Fjærlandsfjorden (27 km) Vetlefjorden (6 km) Sværafjorden (2,5 km) Norafjorden (21 km til botn av Barsnesfjorden) Sogndalsfjorden (16 km til botn av Barsnesfjorden) Eidsfjorden (3 km) Barsnesfjorden (5 km) Aurlandsfjorden (29 km) Nærøyfjorden (18 km) Lærdalsfjorden (9 km) Årdalsfjorden (16 km) Lustrafjorden (42 km) Gaupnefjorden (4,5 km)
Kategori:Fjordar i Vestland Kategori:Sogn Kategori:Geografi i Gulen Kategori:Fjordar i Hyllestad Kategori:Fjordar i Høyanger Kategori:Geografi i Lærdal Kategori:Fjordar i Sogndal Kategori:Fjordar i Vik