Victoria () er kronprinsesse av Sverige og hertuginne av Västergötland. Ho er dotter av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Victoria er storesyster til prins Carl Philip av Sverige og prinsesse Madeleine av Sverige, og Sverige sin tronarving. Ho vart fødd prinsesse, men vart gjennom ei attendeverkande endring av grunnlova i Sverige kronprinsesse 1. januar 1980.
I 1995 vart Victoria tildelt storkrossen av St. Olavs orden.
24. februar 2009 kunngjorde det svenske hoffet at Victoria hadde trulova seg med Daniel Westling, som ho hadde vore vener med sidan 2002. Dei gifta seg 19. juni 2010 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm. 23. februar i 2012 fekk dei ei dotter som blir den neste i arvefølgja i Sverige.Beskjed om fødselen frå den Svenske riksmarskalken http://www.kungahuset.se/kungafamiljen/aktuellahandelser/aretsaktuellahandelser/kommunikefranriksmarskalken.5.70e7de59130bc8da54e800020555.html Dottera fekk namnet Estelle Silvia Ewa Mary.
Namn og titlar 1977–1979: Prinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige 1980–i dag: Kronprinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige, hertuginne av Västergötland
Galleri Victoria av Sverige
Kjelder
Aftenposten sin norske versjon (22.05.10) av intervjuet med Victoria og Daniel Westling i Svenska Dagbladet.
Kategori:Svenske prinsesser Kategori:Svenske kronprinsesser Kategori:Hertuginner av Västergötland Kategori:Fyrstehuset Bernadotte Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Elefantordenen Kategori:Serafimerordenen