Stord er ein bykommune som utgjer om lag halvparten av øya Stord i Vestland fylke, i Sunnhordland. Namnet «Stord» kjem frå norrønt og tyder ‘den høgreiste’. Stord har bystatus etter eit kommunestyrevedtak i 1997. Kommunesenteret heiter Leirvik, på folkemunne kalla «Vikjo». I Leirvik bur det om lag 14 000 innbyggjarar. Sagvåg er nest største tettstad, med om lag 3 500 innbyggjarar. Totalt er det 18 775 innbyggjarar i Stord kommune. Industriverksemdene Kværner Stord, Wärtsila og Apply Leirvik sysselset kring 3000 arbeidarar. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien.

Kommunestyret har 35 representantar. Den politiske leiinga i kommunen er etter kommunevalet i 2023, ein koalisjon mellom H, Frp, KrF og V. Sigbjørn Framnes frå Framstegspartiet er ordførar, medan Øyvind Kyvik frå Høgre er varaordførar.

Stord sjukehus, Stord vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet ligg i kommunen. Stord har eit stort idrettsmiljø, Stord Idrettslag sitt handballag har tidlegare spela i eliteserien, Stord Sumo Klubb har tidlegare hevda seg i Europa-toppen i sumobryting og Kjell Storelid vann OL-medaljar i skeiseløp i 1994.

Geografi mini|Kommuneflagget til Stord Kommune mini|Bussterminalen på Leirvik mini|Aker Kværner Stord er den største verksemda i kommunen Kommunen ligg på øya Stord, der byen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. Stord omfattar eit 144 km² stort areal på dei busette øyane Stord (127 km²), Huglo (13,9 km²) og Føyno (1,3 km²). I tillegg kjem fleire mindre øyar og holmar. Over sund og fjordar kjem ein i aust til Kvinnherad, i sør til Sveio og i vest til Bømlo.

Nordaust i kommunen er det fleire høge fjell. Den høgaste toppen er Mehammarsåto på 749 moh.,World Wide Vikings medan den mest kjende er Kattnakken, som ligg 734 moh. Her ligg det ein TV-sendar og det går bilveg heilt til topps.

Sør og aust er det lågland med mykje god dyrkingsjord. Her ligg det meste av busetnad, industri og jordbruksareal. Tettstaden Leirvik strekkjer seg frå Rommetveit i aust til Skjersholmane og Heiane i sør.

Trekantsambandet med bruer og undersjøisk tunnel gjev samband sørover til Sveio på fastlandet og til øykommunen Bømlo. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går over øya. Det finst ferjesamband frå Skjersholmane til Ranavik i Kvinnherad, og frå Jektevik til Hodnanes på Tysnes og Huglo. Frå Stord Lufthamn Sørstokken går det dagleg rutefly til Oslo. Leirvik er eit viktig regionssentrum i Sunnhordland, og er eit knutepunkt for kollektivtrafikken i området, med snøggbåtkai og busstasjon.

Historie Stord kommune vart oppretta i 1838, som følgje av formannskapslovene av 1837. Fitjar vart skilt ut som eigen kommune i 1860, og Valestrand i 1868.

Næringsliv Viktigaste næring på Stord er leverandørindustrien innan olje og Gass. Industriverksemdene Kværner Stord og Leirvik har rundt 3000 fast tilsette. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien. Store delar av installasjonane, inkludert dei aller største, i Nordsjøen er bygde og samanstilte av Aker Solutions Stord. Aker Stord har levert plattformer og andre installasjonar sidan slutten av 70-talet.

Aviser Avisa Sunnhordland kjem ut på Stord. Det gjer også nettavisa Stord24. Leirvik har lokalkontor for NRK.

I 2008 starta nettavisa Innsida ei vekeavis på papir, som første nettavis i Noreg. Innsida.no vart starta i 2003 med base i Kvinnherad og frå 2006 også på Stord. Nettstaden vart ved årsskiftet 2007-08 kjøpt av Haugesunds Avis.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Stord kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengde i Stord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3990 4057 5030 5583 7766 10607 13007 14684 16241 17565

Bydelar

Leirvik Heiane/Digernes/Eldøy Sagvåg/Litlabø Nordbygdo Huglo

Skular på Stord Barneskular Hystad skule Langeland skule Leirvik skule Litlabø skule lagt ned Rommetveit skule Sagvåg skule Tjødnalio skule

Ungdomsskular Nysæter ungdomsskule Nordbygdo ungdomsskule Stord ungdomsskule

Vidaregåande skular Stord vidaregåande skule Høgskular Høgskulen på Vestlandet

Kjende personar frå Stord Baard Haugland (f. 1835), første bonde på Stortinget Per Ståle Lønning (f. 1950), journalist og programleiar Olav Akselsen (f. 1965), sjøfartsdirektør, tidlegare stortingsrepresentant og statsråd Dag Jørund Lønning (f. 1967), bygdeforskar og høgskulerektor Janove Ottesen (f. 1975), artist, vokalist i Kaizers Orchestra Synnøve Macody Lund (f. 1976), skodespelar og forfatter Severin Eskeland Jr (f. 1977), filmregissør Per Olav Kaldestad, forfattar Kjell Storelid, skeiselaupar Håvard Tvedten, handballspelar Christian Brink, fotballspelar Øyvind Angeltveit, komikar og medlem av Lompelandslaget Arve Isdal, gitarist i metallbandet Enslaved Rune Belsvik, forfattar Atle Hansen, forfattar, komponist og journalist Selma Lønning Aarø, forfattar Magne Rommetveit, stortingsrepresentant, tidlegare ordførar Ivar Eskeland, forfattar, omsetjar, litteraturkritikar og kåsør Christine Hope, komikar og skodespelar Martha Leivestad, komikar og programleiar

Venskapsbyar

San Juan Comalapa i Guatemala

Hangö i Finland

Gentofte i Danmark

Halmstad i Sverige

Kjelder Interkommunalt arkiv i Hordaland Statistisk Sentralbyrå Allkunne Fotnotar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til kommunen

Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Kommunar i Vestland

Kategori:Sunnhordland