Steinar Pedersen () er ein samisk politikar for Arbeiderpartiet. Han var fram til 2011 rektor ved Samisk høgskole i Kautokeino, etterfølgjaren er Jelena Porsanger. Pedersen sat på Sametinget frå oppstarten i 1989 til valet i 2005. Han har også vore politisk rådgjevar og statssekretær i regjeringa ved fleire høve. I 2006 tok han doktorgraden i historie ved Universitetet i Tromsø. Pedersen si avhandling tar utgangspunkt i grensetraktaten mellom Danmark-Noreg og Sverige frå 1751, då grensa mellom Noreg og Sverige vart endeleg dregen opp.

Steinar Pedersen er onkelen til Helga Pedersen.

Politiske verv 1989-2005 Representant i Sametinget. 2000-2001 Statssekretær, Kommunal- og regionaldepartementet. Jens Stoltenberg si første regjering 2006 Nestleiar i Finnmark Arbeiderparti.

Publikasjonar 2006 Lappekodisillen i nord 1751-1859 (ISBN 82-91636-23-0)

Kjelder

Sametinget i Norge regjeringen.no

Bakgrunnsstoff Fra sikring av samenes rettigheter til samisk ulykke - Lappekodisillen 1751-185

Publikasjonar av Steinar Pedersen ved bibsys.no

Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske rektorar Kategori:Sametingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Sametingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Sametingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Sametingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Sametingsrepresentantar frå Ap Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Ap-politikarar i Finnmark Kategori:Folk frå Tana Kategori:Rektorar ved Samisk høgskole