Aust-Kina-havet er ein grunn del av Stillehavet, mellom Taiwan, Ryukyuøyene, den japanske øya Kyushu og det kinesiske fastlandet. Aust-Kina-havet grensar til Filippinarhavet i aust, Gulehavet i nordvest, Japanhavet i nordaust og Sør-Kina-havet i sørvest.

Havet dekkjer eit område på om lag 750 000 km². Middeldjupna er på rundt 350 meter. Rundt 75 % av havet er mindre enn 200 meter djupt. Den største djupna er 2700 meter.

Chang Jiang (Yangtze) er den største elva som renn ut i havet.

Kjelder

CAPLEX

Denne artikkelen bygger på «Østkinahavet» frå , den 18. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kinesisk geografi Kategori:Hav i Japan Kategori:Taiwansk geografi Kategori:Randhav i Stillehavet