Kaukasusmaral eller maralhjort (Cervus elaphus maral) er den austlegaste underarten av hjort og lever i områda mellom Svartehavet og Kaspihavet i område som Krimhalvøya, Litleasia, Kaukasusfjella og nordvestre Iran. Ordet maral tyder 'hjort[eku]' på fleire sentralasiatiske språk, og blir også brukt om nokre typar wapiti (Cervus canadensis).
Skildring mini|venstre| Hjortane har kraftig kroppsbygnad og mørk gråleg vinterpels og raudleten sommarpels. Dei har ein lysegul flekk på baken og mørkebrune eller svarte lår, skuldrer og underside. Bukkar brøler som europeiske hjortar, men har store, femtakka gevir av same storleik som det til austasiatisk/nordamerikansk wapiti. Maralane liknar òg på wapiti gjennom den store flekken på baken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «East European red deer» frå , den 11. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hjortedyr Kategori:Dyreliv i Kaukasus