Erft er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre. Ho har sitt utspring i Eifel, nær Nettersheim og ho munnar ut i Rhinen ved Neuss. Elva er 103 km lang, som er mykje kortare enn ho opphavleg var. På grunn av eit dagbrot for brunkol i Hambacher Loch har elveleiet vorte endra.

Erft har gjeve namn til byen Erftstadt, som ho renn igjennom i tillegg til kreisen Rhein-Erft-Kreis. Ho renn òg gjennom byane Bad Münstereifel, Euskirchen, Bergheim, Bedburg og Grevenbroich.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Erft» frå , den 8. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sideelvar til Rhinen Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Nordrhein-Westfalen