mini|Rothaargebirge i Tyskland Rothaargebirge (òg kalla Rotlagergebirge) er ei låg fjellkjede i Nordrhein-Westfalen og Hessen i Tyskland..

Ein meiner at namnet ein gong må ha vore Rod-Hard-Gebirge, eller «nedhogd skog-fjella», sidan fjella ikkje har noko samanheng med fargen raud. (rot på tysk) eller «hår» (Haar).

Geografi mini|Utsyn frå Kahler Asten, ein av dei høgaste toppane i fjellkjeda Den djupe skogen Rothaargebirge med rike mineralførekomstar ligg hovudsakleg i Westfalen mellom Sauerland i nord, høglandet i nordaust, Wittgensteiner Land i søraust og Siegerland i sørvest. Berre dei søraustlege delane av fjellkjeda ligg i Hessen. Ho strekkjer seg frå Eder og Lenne frå Kahler Asten (841 m) sørvest for Winterberger Hochfläche og om lag 30 km mot sørvest. Ho er ein del brattare i vest enn i aust.

Rothaargebirge utgjer mesteparten av Rothaargebirge naturpark.

Elvar og vatn mini|Kjelda til Lahn Nord i Rothaargebirge har fleire elvar sitt utspring, som Diemel, Lenne, Neger, Nuhne, Odeborn, Orke, Ruhr, Wenne og Wilde Aa. I sør har elvane Dill, Eder, Ferndorfbach, Ilse, Lahn og Sieg sitt utspring.

Vasskiljet til elvane Rhinen og Weser. Lengst sørvest i Rothaargebirge ligg demningane Obernau og Breitenbach.

Fjell Av dei mest kjende fjella i Rothaargebirge finn ein: Langenberg (843,1 m) Hegekopf (842,9 m) Kahler Asten (841 m) Clemensberg (838 m) Ettelsberg (837,7 m) Hopperkopf (831 m) Hunau (818 m) Ziegenhelle (816 m) Wallershöhe (812 m) Bremberg (809 m) Hillekopf (801 m) Hoppernkopf (801 m) Ruhrkopf (696 m) Sackpfeife (674 m) Dreiherrnstein (673 m) Milsenberg (670 m) Ederkopf (655 m) Giller (653 m) Kindelsberg (617,9 m)

Busetnadar Av byar og landsbyar i Rothaargebirge finn ein: Bad Berleburg Bad Laasphe Biedenkopf Erndtebrück Hallenberg Hatzfeld Hilchenbach Kirchhundem Kreuztal Lennestadt Medebach Schmallenberg Winterberg

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rothaargebirge» frå , den 4. juni 2007.

Bakgrunnsstoff Området Rothaargebirge Rothaarsteig Waldskulpturenweg

Kategori:Fjellkjeder i Tyskland