Douai (nederlandsk Dowaai) er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (administrasjonssenter) i departementet Nord i regionen Hauts-de-France, og har om lag 45 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Scarpe om lag 40 km frå Lille og 25 km frå Arras. Douai har eit imponerande klokketårn.
Folketalet til storbyområdet, som inkluderer Lens var 552 682 i 1999.
Historie På 300-talet vart det bygd ei romersk festning her kalla Duacum. Byen var eit blømande tekstilsenter i mellomalderen under grevane av Flandern. I 1384 kom byen inn under grevane av Burgund og så i 1477 inn under Habsburg. I 1688 vart det avstått til Frankrike.
Begge verdskrigane førte med seg store skadar på byen. Under store delar av fyrste verdskrigen var han okkupert av tyske styrkar. La Brayelle flystripe var ein base for Manfred von Richthofen, «den raude baronen». Seint i 1918 blei byen delvis brunnen, og blei frigjort av den britiske hæren etter slaget ved Courtrai.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nord Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Hauts-de-France