Fougères (bretonsk Felger; gallo Foujerr) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Ille-et-Vilaine i regionen Bretagne, og har om lag 20 000 innbyggjarar.

Attraksjonar mini|venstre|Château i Fougères. Fougères sin største attraksjon er ein mellomalderfestning bygd på toppen av ein granittknaus. Dette var opphavleg ein del av det lite suksessrike forsvarssystemet i Hertugdømet Bretagne. Fougères har eit av berre tre klokketårn i Bretagne.

Bakgrunnsstoff

Turistkontoret i Fougères Virtuell vitjing i Fougères

Kategori:Ille-et-Vilaine Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Bretagne