Haute-Marne er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Champagne-Ardenne, og er kalla opp etter elva Marne.
Historie Haute-Marne er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av dei tidlegare franske provinsane Champagne, Burgund, Lorraine og Franche-Comté.
Geografi Haute-Marne er ein del av regionen Champagne-Ardenne og er omringa av departementa Meuse, Vosges, Haute-Saône, Côte-d'Or, Aube og Marne.
Det høgaste fjellet er Haut-du-Sac sørvest i departementet med ei høgd på 516 meter. Dei næraste store byane er Paris, Nancy, Strasbourg, Basel og Dijon.
Turisme Festningsbyen Langres, renessanseslottet i Joinville og landsbyen Colombey-les-deux-Églises er alle store turistattraksjonar.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside OOffisiell turistside
Kategori:Franske departement