Varntresk kyrkje, tidlegare Varntresk kapell, er ei langkyrkje frå 1986 i Hattfjelldal sokn i Indre Helgeland prosti.
Byggverket er i tømmer og har om lag 70 sitteplassar.
Varntresk fekk eigen gravplass i 1895.Etter den tid vart det halde gudsteneste i bygda kvar sommar. Då bygda fekk eigen skule i 1924, vart det også bygd eit kor til kyrkjekapell. Kapellet vart vigsla i 1930, og vart brukt til den noverande kyrkja stod ferdig. Den nye kyrkja er i det vesentlege bygd på dugnad av bygdefolket, mens kommunen dekte utgifter.
I kyrkja står det eit digitalt orgel. Altertavla og døypefonten er henta frå det gamle kapellet.
Bakgrunnsstoff Om Varntresk kyrkje på nettstaden til Den norske kyrkja i Hattfjelldal
Varntresk kyrkje frå Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Hattfjelldal Kategori:Kyrkjer i Indre Helgeland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1986 Kategori:Kulturminne i Hattfjelldal Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme